- Me har hatt eit svært godt samarbeid desse fire åra, så slik sett blir det vemodig å ha den siste kåffikoppen med han, seier ordførar Audun Mo (Ap)
I denne kommunestyreperioden har dei hatt lågterskeltilbodet «Ein kåffikopp med ordførar og varaordførar» der innbyggjarane kan koma på rådhuset og ta opp saker. Når den siste runden med kåffikoppen blir utsett frå torsdag 31. august - som først annonsert - til torsdag 7. september, er det på grunn av møtekollisjon.
For ordens skuld - ved å klikka her finn du listene til dei fire politiske partia til kommunevalet 2023, som går av stabelen måndag 11. september.