- Næringskveld i Lærdal. Som eit ledd i utarbeiding av ein næringsplan for Lærdal kommune vil me invitere til ein næringskveld der me startar på Rå. Me får omvisning på gulrotpakkeriet og etterpå vert det samling med fleire interessante tema og presentasjon av verksemder i Lærdal. Eitt av tema for kvelden er å peike ut ei referansegruppe for det vidare arbeidet med næringsplanen.
Hald av onsdag 25. oktober kl. 18.00. Endeleg program vert publisert når dette er klart.
- Studietur til Svalbard 23.-26. oktober – framleis plassar ledig!
Sognefjord Næringshage arrangerar studietur til Svalbard der du får møte folk frå sysselmeisteren, hamnekontoret, reiseliv og næringsutviklarar, i tillegg til dei store entreprenørane på Svalbard.
- På rekrutteringskonferansen på Skei 25. oktober er folka i fokus. Alle arbeidsgjevarar er avhengig av flinke hovud og hender - du kan lesa meir om konferansen ved å klikka her.
- Me minner igjen om Næringskonferansen 2023 som går av stabelen i Flåm 19. og 20. oktober, årets tema er kommunikasjon! Klikk her for meir informasjon og påmelding.
På Næringskonferansen vil Årets bedrift få utdelt pris! Årets bedrifter er nominert av næringsnettverket i Sogn, og vert i desse dagar presentert i Sogn Avis. Når alle verksemdene er presentert vil det vere ei avstemming gjennom Sogn Avis. I tillegg vil det vere kåring av Årets beste bedrift på kommunikasjon (klarspråk og nynorsk). I begge kategoriar vil de finne verksemder frå Lærdal så følg med og stem!