- Det er innført søknadsfrist på nærings- og konsesjonsavgiftsfondet, søknadane vert no handsama 3 gonger i året. Neste søknadsfrist er 1. januar 2024!
- Lærdal kommune skal vera vertskap for Entreprenørskapsmessa i april 2024, då skal kring 500 ungdommar samlast i Lærdal og desse skal ut på bedriftsbesøk. Har du høve til å ta i mot engasjerte ungdommar på eit besøk? Grunna avgrensa tid vert det sett ei geografisk grense ved Håbakken. Les meir om Entreprenørskapsmessa ved å klikka på lenkja til dette informasjonsskrivet.
- Har verksemda di behov for ny kompetanse? Lærdal kommune vil gjerne ha tips om tema for kurs som kan vere interessant for verksemdene i kommunen. Har du noko du ynskjer å lære meir om?
Har verksemda di lyst å ta i mot ungdommar på Entreprenørskapsmessa, eller har verksemda di behov for kompetanseheving? Send ein epost til ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no