Til debatten kan innbyggjarane i Lærdal senda inn spørsmål. Om du meiner politikarane bør utfordrast på spørsmål om bustadsituasjonen i Lærdal, tilboda for born og unge, vaksne og eldre, plassering av bibliotek eller noko heilt anna så kan du senda inn spørsmål til: ole.saelthun@laerdal.kommune.no.
Du må senda inn spørsmål seinast onsdag 30. august.
Kva spørsmål som faktisk blir stilte i debatten kjem an på kor mange som kjem inn. Målet er å få ein debatt som viser kva politikarane meiner om ting bygdefolket faktisk lurer på.
Valdebatten går altså av stabelen onsdag 6. september kl. 18 i kultursalen. Debatten blir arrangert som eit samarbeid mellom Lærdal kommune / Lærdal folkebibliotek og Sogn Avis. Debatten blir streama på sognavis.no og debattleiar er journalist i avisa, Hanne Stedje.
Kommune- og fylkestingsvalet er måndag 11. september, fem dagar etter debatten.