Både i Lærdalshallen, gymsalane på Ljøsne og Borgund og i symjebassenget på Borgund er det eit rikt utval fysiske aktivitetar å vera med på.

Det er Lærdal idrettslag som forvaltar bruken av Lærdalshallen og Ljøsne skule - ein del aktivitetar her er i regi av idrettslaget sjølve, så er det ein del som blir organisert av privatpersonar eller andre lag. Aktivitetane som går føre seg her er:

Lærdalshallen:

  • Turn for born og ungdom
  • Aldersbestemt fotball og a-lagstreningar herrar
  • Barneidrett
  • Barneklatring
  • Open hall for barnehageborn
  • Innebandy for born, ungdom og vaksne
  • Step/styrke frå 15 år og oppover

I planen over halltidene under ser du når dei ulike aktivitetane føregår:

Ljøsne skule:

  • Aldersbestemt fotball og damefotball
  • Herretrim
  • Ljøsnatrimmen for alle
  • Volleyball for vaksne
  • Golftrening (Sporadisk)
  • LHL-trening 
  • Sterk og stødig for seniorar

I planen over halltidene under ser du når dei ulike aktivitetane føregår:

Gymsalen og bassenget på Borgund er det Oppvekst Borgund som forvaltar bruken av, og aktivititane som føregår her er:

Gymsalen og symjebassenget på Borgund:

  • Open hall for dei minste
  • Barneidrett
  • Sirkeltrening for vaksne
  • Grunntrening for alle
  • Volleyball for vaksne
  • Familiebading
  • Vaksensymjing

I planen over halltidene under ser du når dei ulike aktivitetane føregår:

Dersom du har lyst til å delta på ein aktivitet, men ikkje finn kontaktinfo eller informasjonen du treng – send ein e-post til ole.saelthun@laerdal.kommune.no, så finn me ut av det. 

Symjebassenget på Lærdalsøyri skule har vore stengt sidan i sommar på grunn av rehabilitering av garderobeanlegget og kringliggjande areal. Arbeidet skal ferdigstillast i vinter og bassenget vil opna att truleg kring månadsskiftet januar-februar – det vil koma informasjon så snart dette er klart.