Det er organisasjonen Framtidshavet som står bak ryddeaksjonen, og den store ryddedagen er torsdag 12. september. Men allereie dagen før tok 8.klasse på Lærdalsøyri skule tak og rydda i Hedler, pluss når dei gjekk ned til fjorden frå skulen - dei fann både plast, metall, ein delvis rusta gjerdingsbunt og diverse anna, så det er svært godt jobba!

Folk flest som vil rydda torsdag ettermiddag, fredag eller i løpet av helga kan henta hanskar av ulik storleik og søppelsekker utanfor Servicesentralen på rådhuset torsdag før klokka 15 eller fredag mellom klokka 9 og 15. Det kjem ein konteiner ute på kaia i løpet av torsdag som folk kan kasta avfallet dei ryddar i, sjå kart under. Konteineren blir ståande på kaia til måndag 16. september. 

Det er også fint om folk som ryddar registrerer seg, det kan ein enkelt gjera ved å trykka på denne lenkja.

No har altså 8.klasse rydda i Hedler og Kraftriket skal rydda på stranda - mellom Simas og mot småbåthamna i neste veke, då er det strandryddeveka. Dermed er det langs fjordlina frå småbåthamna og utover til Erdal, eventuelt vidare utover som står att av område det ikkje er registrert noko rydding på. 

Men ein må gjerne rydda i andre område i bygda også, prosjektleiar for Rein Sognefjord! Christine Molvik skriv dette i ein e-post til Lærdal kommune:

- Det er like viktig å få rydda på land. Det som hamnar på bakken, endar opp i fjordane. Så lokale initiativ som opprydding rundt skule, arbeidsplass, idrettsanlegg etc er veldig verdifullt.    

Meir om Rein Sognefjord! kan ein lesa ved å trykka på denne lenkja.

 

Søppelsekkar og gode hanskar i ulike storleikar kan ein berre henta seg på rådhuset torsdag og fredag
Den raude prikken viser kvar konteineren skal stå resten av veka