Skattedirektoratet har i ei prinsippfråsegn no i februar konkludert med at kommunane ikkje skal berekna moms (meirverdiavgift) på gebyr for lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Dette gjeld frå og med i år (2024).
Dette er altså ei landsomfattande endring av praksis i kommunane ettersom Skattedirektoratet no har gjort ei grundigare vurdering av kor vidt feiing og tilsyn med fyringsanlegg blir omfatta av unntak i merverdiavgiftslova.
Konklusjonen til Skattedirektoratet er som følgjer:
«Basert på vår tolkning av mval § 3-9, sammenholdt med opplysningene om hvordan kommunenes ansvar for brannforebygging er regulert, mener Skattedirektoratet at gebyr for lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg utgjør vederlag for «tjenester som omsettes som ledd i offentlig myndighetsutøvelse».