Kan du tenkja deg å vera bøssebærar, så meld deg ved å fylla ut skjemaet på nettsida for TV-aksjonen ved å klikka her. Eventuelt kan du senda e-post til post@laerdal.kommune.no, eller ringja tenestetorget, tlf.: 57 64 12 00

Pengene går til Redd Barna, blant annet til følgjande føremål:

  • å gje born moglegheita til å gå på skulen
  • å attforeina born med familien dei har kome bort frå
  • å støtta tidlegare barnesoldater
  • trygge leikeområde der born kan utfalda seg
  • hjelp til å handtera vonde opplevingar
  • at born som har flykta til Norge får ei aktiv fritid

Pengene blir fordelte mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge.