Heilt konkret tyder det at du som mottek hjelp frå heimetenesta kan kommunisera med heimetenestene om følgjande gjennom Helsenorge:
• senda og motta meldingar frå pleie- og omsorgstenesta og bu- og miljøtenesta i kommunen.
• I heimetenesta kan brukar sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk
• brukar kan få varslar om utført heimebesøk på tekstmelding eller e-post
Tenesta er meint som ei tilleggsteneste til vanleg dialog, og kan brukast av dei som ynskjer det.
Pårørande
Det kan vera fint å sjå når dei du bryr deg om får besøk eller har hatt besøk, og kanskje er det behov for å kommunisera med helsepersonell digitalt. Systemet gjev såleis mange flotte moglegheiter for dei pårørande.
Om dei pårørande har fått fullmakt kan dei sjå den same informasjonen som brukar, og kommunisera med dei kommunale helsetenestene sjølve på vegner av brukar.
SMS blir sendt ut
DigiHelse blir klar til bruk i pleie- og omsorgstenesta og bu- og miljøtenesta i midten av april 2024. Tilgangen vil ikkje bli opna for alle samstundes.
Planen er å først gjera DigiHelse tilgjengeleg for pleie- og omsorg sine heimetenester. Under bu- og miljøtenesta vil dei som mottek psykisk helseteneste kunne starte opp først.
Så snart DigiHelse er tilgjengeleg for dei einskilde, vil det bli sendt ut direkteinformasjon i form av ein SMS frå Helsenorge.
Les meir om DigiHelse, rettleiing for å koma i gang under pleie og omsorg si side ved å klikka her, under bu- og miljøtenesta si side ved å klikka her og psykisk helse si side ved å klikka her.