Lærdal kommune har tilbod om skulefritidsordning (SFO) ved Lærdalsøyri skule og Borgund oppvekstsenter frå august 2025 for dei som har rett på plass. Vidare har me tilbod i Lærdalsøyri barnehage og Borgund oppvekstsenter for dei som har rett til barnehageplass.

Nytt SFO-år startar 1.august og nytt barnehageår 15.august.

Søknadsfrist både for SFO og barnehage er 1. februar. Søknad skal sendast elektronisk - ein søkjer gjennom Foresattportalen som ein kjem til ved å klikka på denne lenkja (Logg inn med ID-porten og gå inn på “Søknader”). 

Barn som har barnehageplass eller SFO-plass frå før treng ikkje søkja på nytt. 

Dersom ein ønskjer oppstart i barnehagane perioden 1. februar 2025 - 1. mai 2025, så ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen - sjå kontaktinfo for Lærdalsøyri barnehage ved å klikka på denne lenkja, og kontaktinfo for Borgund oppvekstsenter ved å klikka på denne lenkja.