Næring- og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal kommune skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i kommunen. 

Alle søknader skal ha svar med orientering om framdrift og sakshandsamingstid i samsvar med forvaltningslova sine reglar. Ved tildeling frå fondet skal det leggast vekt på:


• Tilhøve til gjeldande samfunns- og næringsplan og/eller vedtekne planar og satsingar
• Om tiltaket baserer seg på Lærdal sine strategiske konkurranseføremoner
• Grøn omstilling, miljø og klimareduserande tiltak
• Om tiltaket gir positive ringverknader for næringslivet i kommunen
• Om tiltaket gjeld fellestiltak for fleire verksemder/næringar
• Om tiltaket har ein positiv sysselsettingseffekt, særleg heilårsarbeidsplassar
• Om tiltaket fører til lønsam produksjon av varer eller tenester
• Om tiltaket har eit godt underbygd marknadspotensiale
• Om tiltaket tek sikte på kompetanseheving og bedriftsutvikling
• Evna søkjar har til å gjennomføra tiltaket
• Om søkjaren er kvinne eller ungdom

 

Dersom du ynskjer å søkje om tilskot kan du ta kontakt med næringsrådgjevar Ingeborg Lysne på epost ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no eller mobil 90 27 47 82. Meir informasjon om vedtektene for nærings- og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal kommune samt søknadsskjema finn du her