Målet var å få eit innblikk i landskap, og verdiane me har her. Det vart óg høve til å treffe fleire av grunneigarane og gardbrukrane i område. Vertskap for besøket var landbrukssjef Magnhild Aspevik og sakshandsamar Bengt Erlend Skjerdal.
Det storslåtte landskapet med aktive geologiske prosessar, aktive gardsbruk og stort biologisk og kulturhistorisk mangfald, vekte stor begeistring og interesse.
Gjestene fekk mellom anna sjå dalane og fjella på vestsida av Nærøyfjorden, Fresvik, Tundalen, Jordalen, Breidalen og Fresvik-Jordalen.
I Lærdal vart fokuset mellom anna på veitevatning, med tur til Ljøsneveiti, og vandring i Eråksgrandane. Begge plassane er rike på både kulturminne og rikt biologisk mangfald. Det var og ein kort stopp hjå birøktar Marco Neven, med smak av honning og vandring i blomstereng.
-Dette var ein svært lærerik og nyttig dag for oss som skal vere med å forvalte desse verdiane saman med kommunen, seier Frøydis Linden og Øyvind Vatshelle, som arbeider med kulturlandskap hjå Statsforvaltaren i Vestland.