Grunnen til at Habnavegen, eller fylkesveg 5627 som den også heiter, vart stengt ved Habben var at ei elv i nærleiken av kaia gjekk med stor vassføring. Vatnet fløymde over vegbana og Lærdal kommune vurderte difor at det ikkje er forsvarleg å halda vegen open.

Vegen var stengt gjennom natt til 1.november, men på morgonsida hadde elva gått sopass ned at Habnavegen opna att. Likevel er det klokka 0830 framleis vatn som renn over vegbana her, så ein må køyra forsiktig.

På den andre sida måtte Lærdal kommune fredag morgon stenga fylkesvegen til Strondi/Hillestadstrondi på sida frå Borgund sentrum. Grunnen er overvatn. Men her kan ein køyra andre vegen, mot Borgund kraftverk, og koma seg ut på E16 eller vidare på fylkesveg 630 mot Borgund stavkyrkje/Husum.  

Elles er det ikkje kjent at andre kommunale eller fylkeskommunale vegar er spesielt råka fredag morgon 1.november - eller kommunale anlegg, strukturar eller tenester for øvrig.

Andre hendingar

E16 stengde i løpet av natta ved Søre Bjørkum grunna kombinasjon av ras og at Jutlaelvi går over vegbana. Med andre ord kjem ein seg ikkje mellom Lærdalsøyri/Ljøsne på eine sida og Borgund på andre sida før vegen opnar att. Hald deg oppdatert på Vegvesenet sine nettsider.

Jutlaelvi fløymer over E16 fredag morgon og vegen er stengt. I løpet av natta gjekk det også eit ras som kom ned i vegbana her

Lærdalselvi har vore stor gjennom natta og nådde mellom kl. 0430 og 0500 akkurat 350 kubikkmeter på Stuvane, men har deretter gått nedover og var klokka 8 fredag morgon på 323 kubikkmeter.

Treng du hjelp eller har nyttig informasjon til kommunen om vegar, bygningar, skred eller liknande har Kommunalteknisk vakttelefon nummer: 970 57 480