Abonnentane i bustadområdet Ofta Vest og Ofta (aust) vil vera utan drikkevatn i perioden 22.08.23 kl 21:00 til 23.08.23 kl:07:00. Abonnentane det gjeld vil og bli varsla med melding på sms.
I same tidsrom vil sjukehuset gjere vedlikehald på sitt interne leidningsnett.
Det kan vere lurt å tappe noko drikkevatn som du har i beredskap før stenginga tek til.
Når vatnet kjem tilbake vil det vere ein del luft i røyrene. Lat vatnet renne ei stund for å få denne lufta ut.
Me beklagar ulempene stenginga medfører.
Teknisk drift