Arbeid med å etablere tryggare skuleveg/veg for dei mjuke trafikantane startar opp i veke 27. Dette gjeld i fyrste omgang naudsynte grunnarbeid i krysset Skulevegen, Hanseskogen, Hansegardsvegen. Her skal det oppgraderast vassleidningar og stengeventilar. Entreprenøren startar opp arbeide frå måndag 01.07.24.
I samband med arbeidet vil vassforsyninga til Lærdalsøyri vert stengd i perioden 02.07.24 kl. 22:00 til 03.07.24 kl. 06:00. For å redusere ulempene for bebuarar og tilreisande på Lærdalsøyri vil dette arbeidet gå føre seg på nattetid. Alle abonnentane vil få eigen varsling på SMS.
Arbeidet i krysset i Hanseskogen vil medføre at Skulevegen, Hansegardsvegen og Hanseskogen vil vere stengt i periodar. Noko som vil gje redusert tilkomst til eigedommane i området. Entreprenøren vil så langt som råd prøve å redusere ulempene med dette, men eigedomane som er nærmast anleggsområdet må pårekna periodar der ein ikkje kan køyre bil til eigen eigedom.
Det vil bli skilta omkøyring, og bommane i Hanseskogen, Skulevegen og Einemo vil bli opna i perioden arbeidet går føre seg. Dette for å gje tilkomst til eigedomar og gje betre trafikkflyt medan arbeidet vert utført. (sjå kartskisse med alternative ruter under)
I samarbeid med entreprenøren vil ein i størst mogeleg grad legge forholda til rette slik at fotgjengarar og sykkelistar kan passere anleggsområdet.
Skissa under syner alternative ruter for å komme fram i anleggsperioden.
Entreprenøren legg opp til følgjande plan for stenging av vegar i området:
VEKE 27:
VEKE 28:
Spørsmål i samband med arbeidet og eventuell tilrettelegging i anleggsperioden kan rettast til entreprenøren sin anleggsleiar:
Chris-Andre Kjelsnes
mobil: 402 00 802
e-post: chrisandre@ottardvergsdal.no
eller kommunen sin prosjektleiar:
Jonas Edshage
mobil: 905 03 663
e-post: jonas.edshage@laerdal.kommune.no
Lærdal kommune beklagar ulempene arbeidet måtte medføre.