Innbyggjartalet er no på 2189 lærdøler - so mange har det ikkje budd i kommunen på 13 år, sidan 2011.
I tredje kvartal 2024 vaks innbyggjartalet med 15, og i løpet av 2024 so langt har veksten vore på 29. Det er busett 16 flyktningar so langt i år, noko som altså utgjer ein del av veksten - resten av veksten kjem av at det generelt har vore vesentleg større tilflytting enn fråflytting. For fødselsoverskotet er -1 med 11 fødde og 12 døde i løpet av årets tre første kvartal.
Ser ein på folketalsutviklinga i dei andre kommunane i Indre Sogn i tredje kvartal, er det Luster med pluss 5 og Sogndal med pluss 36 som har positive tal - men fordi dette er vesentleg større kommunar har Lærdal den største folketalsauken i prosent.
Årdal og Aurland fekk begge sju færre innbyggjarar i løpet av kvartalet, medan Vik fekk tre færre.