- Lærdal kommune og naudetatane samarbeider om denne store øvinga. Det er ei tilrådd øving frå Statsforvaltaren, forklarar seniorrådgjevar helse og omsorg, Åge Bøyum.

Denne øvinga finn stad mellom klokka 17 og 2030 no torsdag, 2. november.  Kva den går ut på kan sjølvsagt ikkje Bøyum seia mykje om, men i tillegg til naudetatane og kommunen er også Heimevernet og Røde Kors med på øvinga.

Scenariet skjer i Lærdal, men folk flest vil ikkje merka så mykje til det utover utrykkingskøyretøy etter vegane og millitært personell som er ein del av dette.

- Det blir nokre vegsperringar, men ikkje på stader så det er til hinder for vanleg trafikk, seier Bøyum.