Organisasjonen Framtidshavet inviterer til storstilt ryddedugnad i Sognefjorden torsdag 12.september. Ryddinga vil skje på fjorden, langs fjorden og på land og dei er heilt avhengige av at frivillige er med på å bidreg. 

Bidraget kan vera gjennom rydding, kartlegging av område som må ryddast og sponsing av mat eller drikka til barnehagar eller skuleklassar som bidreg i ryddinga.

Kanskje di verksemd vil ta ei intern konkurranse på kven som kan rydda mest?

Er du eller de interessert i å ha ei rolle under aksjonen så kan du melda deg her.

Det er også veldig verdifullt om folk melder frå om forsøpla område dei kjem over eller veit om i framkant. Det kan ein gjera på ein av desse måtane:

  1. Registrera det forsøpla område hjå ryddenorge.no
  2. Laga ei markering i kartet og senda det til (ailin@framtidshavet.no) med ei lita skildring, og gjerne eit bilde, så legg dei det inn i ryddenorge.no
Kenneth Bruvik er primus motor i Framtidshavet. Foto: Stiftinga Framtidshavet

Sidan Framtidshavet ikkje har kapasitet til å finna forsøpla område til ryddedugnaden sjølve, så treng dei hjelp frå lokalbefolkninga, dykkar bidrag er veldig verdifulle.

Meir informasjon om aksjonen kan du finna ved å klikka på denne lenkja.

Facebook-eventen finn du ved å klikka på denne lenkja.

Har du spørsmål kan du kontakta Framtidshavet, klikk på denne lenkja i so fall.