Det er politiet som sender ut test av naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøven den 10. januar blir gjort over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile Noreg vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane ular.

Klikk deg inn på nettsida nodvarsel.no for å finna meir informasjon om naudvarsel.