Spesielt torsdag 31.oktober og er det varsla mykje regn - no ligg varsla på over 70 mm i løpet av dagen i Lærdal og andre stader i midtre og indre deler av Vestlandet er det varsla dobbelt så mykje og vel så det.
Dermed er det snakk om ekstremvêr, denne gongen har det fått namnet Jakob. Det inneber raudt varsel om ekstremt mykje nedbør og same nivå når det gjeld jord- og flaumskredfare. Flaumfaren er på oransje nivå - klikk på denne lenkja til yr.no for å lesa farevarsela og sjå vêrvarselet.
Tilrådingar
- Vurder behov for førebyggjande tiltak
- Følg lokale myndigheiter sine instruksjonar, og råd frå beredskapsmyndigheiter
- Unngå å køyra i overvatn, uten å vita kor djupt det er
- Vurder nøye om reisa faktisk er naudsynt
- Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot
- Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og følg med på vêrradaren
- Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring
- Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv
Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no.
Kommunalteknisk vakttelefon er: 970 57 480