Under kommunevalet tidlegare i haust vart eit nytt kommunestyre vald av innbyggjarane i Lærdal - det vil seia 17 politikarar som dei neste fire åra utgjer det øvste organet i kommunen. Nokre av dei 17 som vart valde inn og nokre av varaene har vore med i kommunestyret før, andre vart valde for første gong. 

I Lærdal har ein tradisjon for å ha folkevaldopplæring for både faste representantar og varaer tidleg i ein kommunestyreperiode - denne vart avvikla siste veka i oktober. Her fekk politikarane innføring i temaa: rolla som folkevald, kommuneplanen sin samfunnsdel som styringsverktøy ved Distriktssenteret og Vestland fylkeskommune, arbeidsgjevarrolla ved Kommunenes sentralforbund og kommuneøkonomi ved Statsforvaltaren i Vestland.

I tillegg var mange tilsette i administrasjonen i Lærdal kommune med på deler av folkevaldopplæringa.