Helsestasjonen melder at det diverre er tomt for pneumokokkvaksine.

Det blir bestilt inn att av denne typen vaksine slik at ein kan få sett den på drop-in vaksinering seinare i haust.

Dersom du ikkje har høve til å venta eller vil sikra deg vaksine anbefalar me at du får resept på denne hjå fastlegen din, opplyser helsestasjonen vidare. 

Klikk på denne lenkja for å lesa kven som er anbefalt å ta pneumokokkvaksine

Det er altså drop in-vaksinering no onsdag til fredag 23-25.oktober mellom klokka 0900 og 1430 der det blir sett vaksiner mot influensa og korona, i tillegg til at det vart sett vaksiner mot pneumokokk fram til det vart tomt for desse. Drop in-vaksineringa er berre for dei over 65 år eller som er i risikogruppe. 

Meir om dei andre vaksinene kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja.