Fredag føremiddag, 25. oktober, er det tilnærma tomt for influensavaksiner på helsestasjonen. Pneumokokkvaksine er det tomt for frå før, her er det også mellombels tomt sentralt.

Det er att koronavaksiner, men det vil bli ein ny runde med drop in-vaksinering seinare i haust så ein kan få sett dei vaksinene ein skal ha samstundes. Datoar for ny runde blir lagt ut så snart desse er klare.

Drop in-vaksineringa er for folk over 65 år eller som er i risikogruppe. Desse blir anbefalt å ta influensavaksine og koronavaksine årleg, og pneumokokkvaksine kvart 6. år. Vaksinene kan altså setjast samstundes.

Den store pågangen under drop in-vaksineringa denne veka, 23.- 25.oktober - syner at folk er flinke til å følgja anbefalingane.