Pengane som blir samla inn i årets aksjon går til ulike hjelpeprosjekt for born i regi av Redd barna.
Det er trong for fleire bøssebærarar i heile bygdi, og særskild på Borgund. Kan du tenkja deg å stilla som bøssebærar? Meld deg ved å fylla ut skjemaet på nettsida for TV-aksjonen ved å klikka her. Eventuelt kan du senda e-post til post@laerdal.kommune.no, eller ringja tenestetorget, tlf.: 57 64 12 00.
Lærdal kommune oppmodar alle om å ta bøssebærarane vel i mot på søndag - og hugs at du kan vippsa ditt bidrag om du ikkje er heime når bøssebærarane kjem.