Lærdal formannskap sitt framlegg til økonomiplan 2024 - 2027, årsbudsjett 2024 og gebyrliste 2024 vert i samsvar med kommunelova § 14-3 lagt ut til offentleg ettersyn frå 27. november til 11. desember 2023 på følgjande stader:
- Lærdal rådhus tenestetorget
- Lærdal folkebiblioteket
- Nærbutikken Borgund
- Joker Ljøsne
- www.laerdal.kommune.no
Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og gebyrliste finn du ved å klikka her.
Sakspapir med vedlegg i saka som formannskapet handsama 23.november finn du ved å klikka her.
Eventuelle merknader må sendast til:
Lærdal kommune,
Øyraplassen 7,
6887 Lærdal
Merknader kan også sendast på e-post til: post@laerdal.kommune.no
Merknader må sendast innan 11. desember kl. 23.59.
Økonomiplan 2024-2027 med årsbudsjett 2024 skal handsamast i Lærdal kommunestyre 13. desember 2023
Audun Mo, ordførar