Lærdal formannskap sitt framlegg til økonomiplan 2025 - 2028, årsbudsjett 2025 og gebyrliste 2025 vert i samsvar med kommunelova § 14-3 lagt ut til offentleg ettersyn frå 25. november til 9. desember 2024 på følgjande stader:  

  • Lærdal rådhus tenestetorget 
  • Lærdal folkebiblioteket 
  • Borgund nærbutikk 
  • Ljøsnabui 
  • www.laerdal.kommune.no

Klikk på denne lenkja for å koma til saka som var oppe i formannskapet og deira framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og gebyrliste.

Evt merknader må sendast til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, eller post@laerdal.kommune.no innan 9. desember kl. 23.59. Økonomiplan 2025-2028 med årsbudsjett 2025 skal handsamast i Lærdal kommunestyre 18. desember 2024