Varsel om oppstart av planarbeid. Rv 5 kryss Sjukehusvegen - nedre Eri.

Me ber med dette om innspel til arbeidet, med frist 13.09.2024.

 

Skildring av prosjektet

Målet med prosjektet er å betra trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Prosjektet planlegg for å utbetra krysset til Lærdal sjukehus og utvida eksisterande veg sørover til Nedre Eri for å etablera forsterka midtoppmerking på strekninga. Forsterka midtoppmerking har synt seg å vera eit effektivt og rimeleg tiltak mot møteulykker. 

Eksisterande vegbreidd varierer innanfor planområdet og er om lag 6,5 meter. Prosjektet planlegg for ei ny vegbreidd på 8,5 meter, i tillegg kjem rekkverksrom og grøfter. 

Prosjektet skal planlegga for etablering av venstresvingefelt for avkøyringa til Sjukehusvegen, samt utbetring av kollektivhaldeplassane i området. Tiltaket vil medføra naudsynt langsgåande utviding av eksisterande veg med om lag 2 meter mot vest (fjellsida) over om lag 2 km. Avkøyringstilhøva i området vil også bli vurderte.

Kartet viser planområdet - den svarte, tjukke streken er plangrensa

For å kunne gjennomføra prosjektet skal det også sikrast område for rigg og areal for mellomlagring av massar i anleggsperioden. 

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger». Notatet med KU-vurdering ligg tilgjengeleg på Statens vegvesen sine heimesider. 

Dette prosjektet har ei eiga nettside hjå Statens Vegvesen som du kan sjå ved å klikka på denne lenkja.

 

Planområdet

Planområdet startar i utkanten av Lærdal sentrum og strekker seg vidare sørover riksveg 5 til Nedre Eri der prosjektet overlappar tidlegare breiddeutvidingsprosjekt, rv 5 nedre Eri - Håbakken. Planområdet er om lag 195 daa stort og omfattar eksisterande veg, fjellside, jordbruksareal og elvekant langs Lærdalselvi. Det er ikkje planlagt for tiltak langs elvekant eller ut i elva utanom nedføring av stikkrenner. Ved krysset mot Sjukehusvegen overlappar plangrensa eksisterande reguleringsplan Hanseskogen. Kartskisse som syner planområdet er vedlagt.

 

Vil du treffa oss?

I samband med varsla oppstart vil representantar for planprosjektet vera tilgjengelege for å svara på spørsmål og gje informasjon om prosjektet.

Stad: Lærdal rådhus, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Tid: Onsdag 4.september 2024 mellom 14:00-16:00

Påmelding til denne opne kontordagen må ein senda planleggingsleiar innan måndag 2.september 2024.

 

Framdrift og frist for innspel 

Me ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 13.09.2024 til:

Statens vegvesen

Pb. 1010 Nordre Ål

2605 LILLEHAMMER

eller firmapost@vegvesen.no

Alle innspel, både e-postar og brev, må merkast med «23/225305»

 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med: 

Prosjektleiar Oddvin Hov

Tlf 95253141eller

e-post: oddvin.hov@vegvesen.no

 

Planleggingsleiar Runa Aaland Eggum

Tlf 95756106 eller

e-post: runa.eggum@vegvesen.no