Det er eit stor og godt arbeid som no endeleg vert ferdigstilt. Arbeidet starta i 2021 med tildeling av midlar frå Miljødirektoratet, og med godkjenning av plan i 2024.
Naturmangfaldplanen er eit god grunnlag for å jobba vidare med det særmerkte og viktig naturmangfaldet som er i Lærdal.
Før endeleg plan vert publisert, skal innkomne innspel innarbeidast i planen. Dette gjeld mellom anna betre omtale av villrein og utarbeiding av beitebruksplan.
Tiltak som vert starta opp på nyåret, er mellom anna utarbeiding av kortversjon av plan og samarbeid med skule og barnehage.