Mykje vatn under ekstremvêret “Jacob” har grave vekk noko av skråninga ved vegskuldra og teknisk eining i Lærdal kommune har difor stengt fylkesvegen litt nedanfor Kvigno. Det er ikkje hus med fastbuande ovanfor punktet der vegen er stengt.

Meir informasjon vil bli lagt ut på Lærdal kommune sine nettsider når omfanget er vidare kartlagt.