Entreprenøren som har rydda innover Raasdalen etter rasa som gjekk førre veke, melder at vegen vart farbar att i løpet av torsdag.
Vegen vil framleis vera påverka av skadane uvêret gjorde - det gjekk ras fleire stader og mykje vatn har gravd i vegen her og der så folk som køyrer innover blir oppmoda om å ta det med ro. Det vil også bli arbeid på og langsetter vegen ei tid framover som køyrande må forhalda seg til.