Under opninga vil det bli helsingar frå både idrettslaget, Lærdal kommune, fotballkrinsen og det vil bli talar ved leiar i fotballgruppa og ordførar Audun Mo. I tillegg blir det servering av kaker, saft og kaffi. Opninga skjer altså frå klokka 1730 tysdag 26. september.
Passande nok spelar Lærdal sitt a-lag siste heimekamp i 6.divisjon for sesongen rett etter den offisielle opninga - kampen startar klokka 1830, og det vil bli innmarsj der Gutar 10 år og Jenter 11 år er med. For å gjera ekstra stas på det heile blir alle spelarane som skal i elden presenterte av speaker.
Vel møtt!