Arbeidarpartiet sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane skulle koma til Lærdal og vera med på Kåffikopp med ordførar og varaordførar torsdag 31.oktober, men ekstremvêret Jakob gjer at han må avlysa. Vereide er klar på at han vil koma og drikka kåffi ved seinare høve.

Men trass uvêr blir det elles kåffikopp som vanleg; dette er altså eit lågterskeltilbod der innbyggjarar i Lærdal kan koma med spørsmål og meiningar - både ris og ros - til ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen. 

Torsdag 31.oktober frå klokka 18 til 20 på Rådhuset, altså.

Dette blir nest siste kåffikoppen for i år - den siste blir torsdag 12.desember, og tradisjon tru blir det også servert gløgg då. Det kjem me attende til, men då er i alle fall datoen nemnd.