- Arbeidet går lettare for oss no når informasjonssystemet er modernisert, seier Åge Bøyum, seniorrådgjevar helse og omsorg i Lærdal kommune.
Legevaktsentralen på Sogn lokalmedisinske senter har no fått på plass AMIS 3.0 (AkuttMedisinsk InformasjonSystem), og det gjer at det viktige arbeidet på legevaktsentralen går enno smidigare.
- Systemet inneheld funksjonar me ikkje har hatt før, til dømes kartlesing. Altså kjem det opp på kart for operatøren på legevaktsentralen kvar heimeadressa til innringjar er – dersom nummeret til vedkomande er registrert. Samarbeidet med AMK går også lettare med det nye systemet. Så det er ei viktig og naudsynt oppgradering.
Elbil
I tillegg har det kome ny legevaktsbil – ein elektrisk Volvo CX30.
- No har det vorte elbil, og det handlar delvis om miljøprofilen til Lærdal kommune. Vidare byrja den førre legevaktsbilen å bli gamal, og me må ha solide køyretøy. Ein fordel med elbil er at det er jamn temperatur inne i kupéen ettersom den vil stå i ladaren heile tida når den ikkje er i bruk, og det gjev gunstige lagringsforhold, seier Bøyum.