25.august 2023 vart det halde drøftingsmøte på Geilo om reetablering av villrein i Nordfjella, sone 1 (nord for Fv. 50). 

Målet for møtet var mellom anna å koma fram til ei sams forståing kring vidare prosess og korleis ein best mogleg sikrar lokalt engasjement og involvering fram mot politisk avgjerd kring reetableringa. 

Det vart lagt fram samla synspunkt og klare oppmodingar frå kommunane, Nordfjellarådet, Villreinnemda og Villreinutvalet: 

  • Det er eit klart standpunkt at Nordfjella sone 1 skal reetablerast med villrein frå Nordfjella sone 2 (sør for Fv. 50). 
  • Dei fem åra med brakklegging er forbi og det nærmar seg målet om 99% sannsyn for at det ikkje er smitte i dyra i sone 2. Etter jakta 2023 vil sannsynet for at denne bestanden er smittefri - dersom det ikkje blir påvist tilfelle av skrantesjuke - vera ca. 96%. Ut frå dette var ein klar samla bodskap at reetablering med overføring av dyr frå sone 2 til sone 1 startar i 2024.

Deltakarar på møtet var representantar frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet med statssekretærar i spissen. I tillegg var følgjande med: ordførarane i kommunane Ulvik, Lærdal, Aurland, Hemsedal, Hol og Ål, koordinator for reetableringa, leiar i Nordfjellarådet, leiar og sekretær for Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell og leiar og sekretær for Villreinutvalet for Nordfjella.

Departementa gav uttrykk for at det var eit svært nyttig møte og var tydelege på at reetableringa skal starta snarast råd, utan å kunne tidfesta dette no. Resultat av jakta 2023 vil vera ein viktig del av den samla vurderinga, slik at endeleg avgjerd ikkje vil bli gjort før resultata frå jakta 2023 er klar. 

Det var semje om at god dialog i det vidare arbeidet er avgjerande for å lukkast med reetableringsarbeidet.