- Ein bestemmer sjølv kor ofte ein vil møtast, det treng ikkje vera ei gong i veka. Men det bør helst vera kontinuitet, seier Tine Selmer Cruickshank.

Ho er leiar for hukommelsesteamet på pleie og omsorg, som elles består av ergoterapeut Synnøve Kvamme og demenskoordinator Hilde Hokstad.

Å vera aktivitetsvenn er å gjera noko ein likar, saman med nokon som har demenssjukdom. No blir det oppstartskurs for interesserte 19. oktober og 26. oktober, begge dagar frå klokka 1730 til om lag klokka 20 på Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO) – Sjå plakat med informasjon om kurset ved å klikka her

- Det var kurs i 2019, så kom covid. No ønskjer me å starta oppatt. Etter kurset koplar me saman aktivitetsvenn med nokon som har demenssjukdom. Poenget er at dei skal gjera noko i lag som begge har lyst til. Difor koplar me utifrå interesser, forklarar Selmer Cruickshank.

- Å ha ein aktivitetsvenn lettar kvardagen for folk med demens. Det er mange og det blir fleire; framskrivingane er tydelege på det, seier Kvamme. 

- Berre fantasien set grenser

Dei påpeikar at dette er lågterskel og på alle måtar frivillig - og at det skal vera kjekt for aktivitetsvennen også. 

- Namsos er ein superkommune på dette feltet med over 70 aktivitetsvenner. I eit intervju med ein av aktivitetsvennene sa vedkomande at han med demens var like mykje aktivitetsvenn for han sjølv som omvendt. Fordi det gjorde at dei begge kom seg ut. Og det treng ikkje vera store ting, ein kan gå tur eller ta ein kaffikopp. Berre fantasien set grenser, seier Selmer Cruickshank.

Det trengst aktivitetsvenner både for heimebuande med demens og brukarar på LBO med demens.

- Me ønskjer oss alle som har tid og lyst. Det kan like godt vera ein 18-åring som ein pensjonist. Viss ein kjenner eit lite sånn der; det kunne vore kjekt, er det berre å koma på kurs. Det er heller ikkje slik at om ein kjem på kurset, så må ein bli aktivitetsvenn.