Å vera aktivitetsven er enkelt. Du treng berre å gjere noko du likar. Saman med ein som har demens.
Som frivillig aktivitetsven blir du kopla med ein person med demens som har same interesser som deg. De gjer ting de likar saman. Det kan vera å gå ein tur, spela spel, gå på kino, fiska, måla, strikka eller berre møtast for ein kopp kaffe og ein prat. Målet er at tida de er samen skal vera til glede for begge.
Lærdal kommune er så heldige at me har nokre aktivitetsvener. Dei fortel om venskapsband som veks seg sterke, om gode augneblikk og meiningsfylt frivillig arbeid som gjer ein skilnad i kvardagen.
Men me ynskjer oss gjerne fleire! Difor ber me om attendemeldingar om det er interesse for eit nytt kurs for aktivitetsvener - ta i so fall kontakt med Hilde Hokstad på e-post: hilde.hokstad@laerdal.kommune.no eller telefon/sms: 90172418. Ta kontakt innan 10.oktober om du ønskjer kurs.
Om du berre vil hoppa i det og melda deg som aktivitetsven her og no eller seinare, er det berre å ta kontakt på same e-post eller telefonnummer.
Av og til tror vi at det vi gjør, bare er en dråpe i havet. Men havet ville vært mindre uten den dråpen.
Mor Teresa