- De er så flinke! seier musikklærar Marita Vangen Bratteteig.

Tysdag 26. september klokka 14 kjem Kronprins Haakon til Gamle Lærdalsøyri, og etter ein kort spasertur nedover Øyragata kjem Kronprinsen og resten av følgjet til Kvammegården.

Der er det ope folkearrangement med mellom anna talar frå Kronprinsen sjølv og ordførar Audun Mo. Ikkje minst blir det barnekor med born frå barnehagane og barneskulen - og ei dansegruppe frå ungdomsskulen.

Måndag føremiddag var det generalprøve - Svingensongen, Måla himmelen blå og dansen har vorte iherdig innøvd den siste tida, så no stod berre siste finpussen att på scena der det heile skal skje. Og det gjekk svært så fint.

Folk rundt om i bygda må gjerne heisa flagget tysdag.