- Eg hugsar me tykte me hadde enormt med varer. Men ser ein i forhold til korleis det er no, så var det jo nesten tomt, seier Anne Kristin Evensen, dagleg leiar for Lærdal brukthjørna.
Fredag 27 september 2019, dagen før Haustmarknaden det året, opna Lærdal brukthjørna. Og sjølv om dei tykte dei hadde mykje varer, gjekk det unna alt då.
- Me selde ut alt, for til saman kring 13 000 kroner.
Då hadde det vore stor aktivitet september gjennom for å få dei gamle Lindstrømbui-lokala klare – det måtte gjerast ein heil del. Sidan har dei aldri sett seg attende.
- Me jobba i over eitt år med å få systemet skikkeleg opp og gå. Og me fekk veldig god hjelp av bruktbutikken i Årdal og dåverande leiar Steinar Drægni gjennom den fasen, fortel Evensen.
Stadig nye steg
Verksemda har utvikla seg heile vegen – dei fekk seg varebil så dei kunne henta ting heime hjå folk, i 2021 vart Lærdal brukthjørna eige selskap som eit kommunalt føretak, dei har teke på seg ombringing av middagar som kjøkenet på Lærdal bu- og omsorgssenter lagar - og dei driftar Bua, der det er sports- og friluftsutstyr til gratis utlån.
- Eg trur ikkje alle veit kor mykje me driv med. Me har gjort det veldig bra, men det har også vore veldig mykje arbeid. Det har vorte ein god butikk også omsetnadsmessig; til no i år ligg me 60 000 framfor fjoråret i sjølve butikken. Og fjoråret var rekordår, seier Evensen.
- Men viktigare er det samfunnsøkonomiske. Me har jo arbeidstrening, og fire-fem av dei som har vore her er no i ordinært arbeid, legg ho til.
- Eit lite eventyr, kommenterer ordførar og styreleiar i Lærdal brukthjørna KF, Audun Mo.
Femårsjubileumet fell altså på fredag 27. september 2024 – same datoen og same vekedagen som Lærdal brukthjørna opna – og helga for Haustmarknaden. Difor held butikken open frå klokka 14 til 18 på jubileumsdagen.
- Alle som er innom kan skriva namnet sitt på ein lapp og leggja i ei bøtte. Så trekkjer me vinnarar av premiar frå butikken dagen etter, marknadslaurdagen. Det blir også kaffi og kake på jubileet, forklarar Evensen.
Gjevarglede, frivilligheit og Knut
At butikken er vorte det den er – er takka vere mange gode krefter. Gjevargleda til folk som donerer ting og tang som Lærdal brukthjørna får selja, alle dei frivillige som jobbar der og Knut Lindstrøm – som lånar ut lokala den gamle Lindstrømbui var lokalisert i.
- Det er svært raust av Knut, påpeikar styreleiar og ordførar Mo.
Apropos Lindstrømbui – ein av dei som jobba der i si tid var Inga Hanne Kristoffersen. No jobbar ho på Lærdal brukthjørna to dagar i veka.
- Så ringen er slutta, seier ho.
- Du jobbar her to dagar i veka, ja, men kor mange gonger er du innom? spør Evensen.
- Tja. Tjue, ler Kristoffersen.
- Det seier sitt om at dette også er ein flott og viktig møteplass, seier Mo.