- Folk blir meir og meir merksame på gjenbruk. I tillegg får me inn veldig mykje fint, me kastar svært lite. Det var ein innom i går som hadde vore på mange bruktbutikkar, og han sa det var sjeldan han fann så mykje fint som her hjå oss, seier Ann Kristin Mo.

Lærdøler er altså flinke til å gje brukte og fullt brukande ting til bruktbutikken. Det i kombinasjon med at folk stadig blir meir bevisste på gjenbruk framfor å handla nytt, flinke frivillige som står på i butikken og altså mykje turistar trur dei er grunnen til at Lærdal Brukthjørna hadde rekordomsetnad både i juni og juli.

- Dei frivillige fortener all mogleg ros, dei står på, og det hadde ikkje gått utan dei. Så i sommar har det vore heilt fantastisk, og det er utruleg mykje turistar innom, fortel Mo.

John Fodnes er ein av dei frivillige som legg ned ein stor innsats for at bruktbutikken i Lærdal har vorte den suksessen den er.
John Fodnes er ein av dei frivillige som legg ned ein stor innsats for at bruktbutikken i Lærdal har vorte den suksessen den er.

- Turistane handlar det mest utrulege

Anne Helene Bergmål og John Fodnes er to av dei som var med og starta Lærdal Brukthjørna slik det er no, hausten 2019. Dei har vore i butikken eller henta ting rundt om i heile sommar. 

- Turistane handlar det mest utrulege, fortel Bergmål.

Ordførar og styreleiar for Lærdal Brukthjørna, Audun Mo, kom med kake som takk for den flotte innsatsen
Ordførar og styreleiar for Lærdal Brukthjørna, Audun Mo, kom med kake som takk for den flotte innsatsen

- Kva då? 

- Mellom anna var det ein hin dagen som såg eit troll oppå der. Og då var det veldig vesentleg at det var produsert i Noreg, det er dei opptekne av. Så har mange bubilar og campingvogner, og då kjøper dei ulike greier til å ha på campingferie. Telt, ryggsekkar, vesker, koppar og masse glas. Når dei er på ferie så har dei vel noko i glasa, kanskje, humrar Bergmål.

Sjølv om det er ein bruktbutikk er det også dei som ser etter skattar.

- Me har nokre som kjem med forstørrelsesglas, går rundt og kiker på tinga med brillene på hovudet. For me har også antikke ting, så det er dei som kan gjera kupp her, seier Mo.

- Kjekke kundar

Og spesielt amerikanarane er interessert i nissar.

- Me skulle hatt eit eige hjørne med nissar, men det har me ikkje plass til.

- Dei har no vel nissar i USA også?

- Eg veit ikkje om det er noko spesielt med nissane våre, kanskje er det det at det ikkje er så mykje glitter og stas på dei, trur Mo.

Bergmål og Fodnes kan seia seg samde i det. Men sjølv om turistane fører til ei ekstra kundegruppe i turistsesongen er det heilt klart mest lokale kundar.  

- No har me ein her som kan syklar, så då får me fiksa opp syklar som har litt småmanglar. Me har i alle fall fått inn 25 syklar, og berre hyvd tre av dei. Så i staden for at 25 syklar hamna på miljøstasjonen blir det tre. Berre i dag har me seld to - eg la ut nokre på Facebook i går, og det tok laust med ei gong, seier Mo. 

- Det er i det heile utruleg mykje kjekke kundar. Og så er det veldig kjekt å vera her; me har det høgt under taket, og mange av oss har vore her lenge – så kjem det nye til inniblant, fortel Bergmål.