Søknaden skal sendast elektronisk, og du finn meir informasjon og lenkje til søknadsskjema her:
Informasjon om ordninga
Søknadsskjema
Det er viktig at du har med opplysningar om prosjektet, kostnadsoverslag, kart som syner kvar tiltaket skal gjennomførast, bilete av areal eller objekt og skriftleg avtale frå eigar om du ikkje eig området der tiltaket skal gjennomførast.
Prioritering av søknader vert i tråd med Tiltaksplan for utvalde kulturlandskap UKL-Lærdal.
Formålet med tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, av dette sikre langsiktig skjøtsel og drift. Gjeldande reglar og formålet med ordninga vert lagt til grunn ved tildeling av midlane.
Det vert for 2024 sett av ein pott til fellestiltak for utvalde kulturlandskap Lærdal.
Kontaktinformasjon:
Felles Landbrukskontor ÅLA – tlf 57641200
Sakshandsamar Bengt Erlend Skjerdal på e-post bengt.erlend.skjerdal@laerdal.kommune.no
Landbrukssjef Magnhild Aspevik på e-post magnhild.aspevik@laerdal.kommune.no