Etter ein litt «trå» start med nedgang på ni personar busette i Lærdal i løpet av første kvartal 2023 har det gått jamt oppover – i andre kvartal auka folketalet i Lærdal med 16 og i tredje kvartal med ytterlegare sju.
- Me er sjølvsagt glade for ei positiv utvikling, seier lærdalsordførar Audun Mo.
Dei overordna tala er ein ting – årsakene til folketalsutviklinga er noko anna. Her er det tre parameter – fødde i høve til døde, innvandring og utvandring og innalandsk innflytting og utflytting.
Gode fødselstal
Når det gjeld det første – altså fødselsoverskot – plar det vera negativt med god margin. Dei ti siste åra har fødselsunderskotet vore 8,4 i snitt i Lærdal, altså at det er vel åtte fleire som har døydd enn vorte fødde i snitt årleg denne perioden.
Dette har med samansetnaden i befolkninga å gjera – Lærdal, som dei fleste små kommunar, har ein relativt høg snittalder. Fram til og med tredje kvartal i 2023 er det «berre» fødselsunderskot på éin, som då er bra i høve utviklinga dei siste åra. Ikkje minst er det gledeleg at det er 16 fødde på desse tre kvartala, og ein kan dermed bikka 20 fødde i kommunen i løpet av 2023. Det har ein berre gjort ei gong før i løpet av den siste tiårsperioden – i 2014 (21 fødde).
Her ligg veksten
Når det gjeld innvandring kontra utvandring så er det éin i pluss her. 13 personar har kome til Lærdal frå andre land, 12 har flytta frå Lærdal til andre land.
Dermed er det på innanlands tilflytting at folketalsveksten ligg – det har flytta 70 personar til Lærdal kommune frå andre norske kommunar i løpet av dei tre første kvartala av 2023 medan 56 har flytta frå Lærdal til andre plassar i Noreg. Det gjev ei netto tilflytting på 14, og snittet den siste tiårsperioden har vore pluss 4. Ein skal vera forsiktig med å spekulera i årsakene, men det kan tyda på god trivselsfaktor.
- I så fall er det sjølvsagt svært gledeleg, seier ordførar Mo.
Heile statistikken
Lærdal har vedteke å busetja inntil 40 flyktningar i 2023 – for øvrig mest i Indre Sogn i høve folketalet – og flyktningane kan hamna både i innvandrings- og tilflyttingskategorien i statistikken. Det kjem an på om og eventuelt kor lenge flyktningar har vore i flyktningmottak andre stader i Noreg i mellomtida. Flyktningar som flyttar frå Lærdal kan også hamna i både utvandrings- og utflyttingskategorien dersom dei reiser frå kommunen, avhengig av kvar dei reiser. Dessutan kan det vera noko tregleik i registreringa av kva kommunar flyktningar blir busette i.
Her er heile statistikken for 2023:
Befolkning og kvartalsvise endringar | |||
2023K1 | 2023K2 | 2023K3 | |
Befolkning ved inngangen av kvartalet | 2129 | 2120 | 2136 |
Fødde | 6 | 5 | 5 |
Døde | 8 | 5 | 4 |
Fødselsoverskot | -2 | 0 | 1 |
Innvandring | 1 | 6 | 6 |
Utvandring | 1 | 6 | 5 |
Innflytting, innalandsk | 14 | 26 | 30 |
Utflytting, innalandsk | 21 | 10 | 25 |
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring | -7 | 16 | 6 |
Folkevekst | -9 | 16 | 7 |
Befolkning ved utgangen av kvartalet | 2120 | 2136 | 2143 |