Tala frå Statistisk sentralbyrå over folketalsutviklinga i fjerde kvartal 2023 er komne. Desse syner at det var 2160 innbyggjarar i Lærdal ved årsskifte 2023-2024, medan det var 2129 eitt år før.
Me må attende til 1990 for å finna større folketalsvekst i kommunen i løpet av eitt år - ved inngangen til 1990 var det 2172 innbyggjarar i Lærdal, eitt år etter var folketalet 2205, altså ein vekst på 33 personar.
Opp og ned så oppatt og nedatt og oppatt
Den historiske utviklinga vidare var i hovudtrekk slik slik - folketalet vaks jamt og trutt til 2261 i 1996, så gjekk det sakte men sikkert nedover til 2153 innbyggjarar i 2007, så oppatt til 2224 i 2012, deretter litt variabelt men hovudsakleg nedover til ei botnnotering i 2022 på 2117 innbyggjarar, og så har det altså vore vekst dei to siste åra.
Ein del av av grunnen til folketalsveksten er at mange har kome til Lærdal som flyktningar. Når det gjeld innvandring frå andre land kontra utvandring til andre land så er det sju i pluss her. 21 personar har kome til Lærdal frå andre land, 14 har flytta frå Lærdal til andre land.
Stor tilflytting og fødselsoverskot
Så har det flytta 98 personar til Lærdal kommune frå andre norske kommunar i løpet av 2023 medan 76 har flytta frå Lærdal til andre plassar i Noreg. Dermed er det pluss 22 her, så innanlandsk tilflytting i høve utflytting utgjer mesteparten av folkeveksten.
Lærdal vedtok å busetja inntil 40 flyktningar i 2023 – for øvrig mest i Indre Sogn i høve folketalet – og flyktningane kan hamna både i innvandrings- og tilflyttingskategorien i statistikken. Det kjem an på om og eventuelt kor lenge flyktningar har vore i flyktningmottak andre stader i Noreg i mellomtida.
Flyktningar som flyttar frå Lærdal kan også hamna i både utvandrings- og utflyttingskategorien dersom dei reiser frå kommunen, avhengig av kvar dei reiser. Dessutan kan det vera noko tregleik i registreringa av kva kommunar flyktningar blir busette i.
I tillegg var det svært gledelege fødselstal i Lærdal i 2023 - det vart fødd 24 born; ein må attende til 2010 for å finna så høge tal; då vart det også fødd 24. Vidare var det fødselsoverskot på to, ettersom 22 innbyggjarar døydde i 2023. Også der må ein attende til 2010 for å finna høgare fødselsoverskot; då var det på tre. Sidan har det vore fødselsunderskot kvart år med unntak av i 2015 då det var fødselsoverskot på éin - før det altså vart fødselsoverskot på to i 2023.
Lærdal hadde også størst prosentvis folketalsvekst i Indre Sogn i høve innbyggjartal, og låg dessutan høgt på landsstatistikken i prosentvis vekst. Slik var folketilveksten (nominell) i dei andre kommunane i Indre Sogn:
Vik: - 10
Aurland: +25
Årdal: + 67
Luster: + 69
Sogndal: + 121